Bok 1 cover

Røff guide til Bibelen

Dette er boka for deg som ønsker å lære meir om verdas viktigaste og mest leste bok. Passar for alle som ønsker å friske opp bibelkunnskapane sine. Boka kan lesast med utbytte både av aktive kristne og ikkje-truande. Ei perfekt julegåve til den som elles har alt! Boka har fått svært positive kritikkar i ei rekke aviser. «Et imponerende arbeid som dykker ned i litteraturen, historien, religionen, språket som finnes i Bibelens tekster», skreiv Tarald Aano i Stavanger Aftenblad og gav terningkast seks. VGs meldar Jon Selås skreiv: «Det er bare å glede seg – dypt i sjelen. Bård Hauge i Dagen skreiv: «Det er ei bragd å skriva ei bok som denne.» LES MEIR HER!

Bok 2 cover

Bibelens kvinner

Ei banebrytande og rikt illustrert bok om alle kvinnene i Bibelen! Det er over 800 kvinner. 200 av dei er namngitte. Kor mange hugsar du frå før? Kvinnene har ofte stått i skuggen av menn. Her løftar forfattaren dei fram og viser oss korleis dei blir omtalte i Bibelen og korleis dei er blitt tolka i teologien og kunsten i ettertid. Boka har fått mange positive kritikkar. «Et førsteklasses dypdykk i kultur-historien», skreiv Trond Berg Eriksen i Morgenbladet og kalte boka for «et storartet arbeid». «Norsk forfatter har skrevet en herlig 'tour de femme'», skreiv Søren Hermansen i danske Kristeligt Dagblad. LES MEIR HER!

Bok 3 cover

Barnebibelen

Ein vakker og leselystfremjande barnebibel på nynorsk! Nytt opplag! Les bibelhistoriene for barnet ditt eller gi boka i gåve! Nominert til Kulturdepartementets barnebokpris for Anne Fiskes vakre og morosame teikningar. Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar, skreiv Sofie Braut i Vårt Land. Tarje Gilje i Dagen skreiv: «Walgermo møter tekstane med respekt, han dukkar ikkje unna det vanskelege, og han får fram nerven i bodskapen.» Passar både for barn og vaksne! LES MEIR HER!

Bok 4 cover

Du som er i himmelen

Forfattaren skriv i dette personlege essayet om tru og sorg etter å ha mista eit barn tre dagar før fødselsterminen. Han får behov for å gå opp att alle eksistensielle livsspor på nytt, og undersøke si eiga tru i lys av barnet som døydde. Boka passar særleg godt for alle som har mista nokon, og for dei som balar med dei store spørsmåla og kva plass den kristne trua har i møte med døden og livet.«'Du som er i himmelen' lykkes som bok nettopp fordi den utvisker forskjellen mellom drøm og litteratur, fortelling og rapport (...) Som man skjønner, har Walgermos teologiske poetikk nok en gang gitt oss en liten bok med et stort tema», skreiv Trond Berg Eriksen i Morgebladet. LES MEIR HER!


Bestill bøker i nettskjemaet.

Du kan også bestille via e-post: bok@walgermo.no

Fri frakt t.o.m. 14. desember 2024
15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir

Skriv i bestillinga om du ønsker signatur eller personleg helsing frå forfattaren

Prisar:
399 kroner: Røff guide til Bibelen, Bibelens kvinner, Barnebibelen
299 kroner: Du som er i himmelen, Kjære søster, Kampklar, Tapt og funnet
249 kroner: Eselhistorier, Mor og far i himmelen, Keegan og sjiraffen
 

Bok 5 cover

Eselhistorier

Dette er boka for deg som likar dyr! Eselet er ein trufast kamerat, sjølv om det både kan vere litt sta og skryte litt iblant. Ofte litt i skuggen av hesten. Kva blir esel baklengs? Jo, LESE sjølvsagt! Ei eselbok er ei glimrande lesebok! Her får du utdrag frå verdslitteraturen, og alle tekstane har eselet i ei sentral rolle. «Leseglede i tablettform», meinte kritikaren i danske Politiken. Fredrik Wandrup i Dagbladet skreiv: «Walgermo har den porsjon galskap og ukuelig tro på sitt prosjekt som skal til for å lage en virkelig original antologi.» Nynorsk og bokmål. Passar for alle aldrar! LES MEIR HER!

Bok 6 cover

Mor og far i himmelen

Dette er ei barnebok om døden. For barn i 9-12-årsalderen, men passar også for andre som funderer over vondskapens problem, kvar menneska blir av når dei døyr og andre store spørsmål. Boka blei nominert til den amerikanske bokprisen Foreword INDIES Award, og har fått gode kritikkar både i USA og i Norge. «Walgermo has achieved a small miracle of tact, insight, and gentle humor», skreiv John Wilson i det amerikanske magasinet First Things.«Liten juvel», skreiv Pernille Bineau i Vårt Land. «...'Mor og far i himmelen' er en vakker, kontrastfylt bok om Gud, død, sorg og savn, men like viktig: om vennskap, fellesskap og trøst», skreiv Hilde Dybvik i Barnebokkritikk. Illustrert av Øyvind Torseter. LES MEIR HER!

Bok 7 cover

Mitt bankande hjarte

UTSELD! Ungdomsromanen om ei forelska jente med hjartesjukdom er omsett til sju språk. «... en engasjerende fortelling om liv og død, forelskelse og flere typer hjertesorg» , skreiv Morten Haugen i Aftenposten. «Nydeleg og humoristisk bok til å bli klok av», skreiv Ingeborg Marie Jensen i Stavanger Aftenblad. «Historien om Amanda er et gribende og eftertænksomt bud på, hvordan det er, når livet trækker i to helt forskellige retninger på samme tid», skreiv Frederikke Winther i danske Weekendavisen. «Mitt bankande hjarte filosoferer om forholdet kropp–sjel så enkelt, så elegant [...] en bok med både hjerte og hjerne», skreiv Hanne Brække i Barnebokkritikk.

Bok 8 cover

Kjære søster

Denne ungdomromanen var Norges første sosiale medier-roman, slik all teksten i boka er oppføringar på noko som minnar om Facebook. Boka var også lenge den mest anmeldte boka av norske ungdommar (uprisen.no). Ho fekk fine kritikkar av dei profesjonelle kritikarane også. «Innsiktsfullt om sorg», skreiv Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen. «Walgermo har [...] makta å flytte Facebook ut av det trivielle og inn i det eksistensielle», skreiv Eivind Myklebust på Barnebokkritikk. «Det er ikkje mindre enn ein imponerande prestasjon Alf Kjetil Walgermo har gjort, nok ein gong», skreiv Reidar Skarbø i sunnmørsavisa Nytt i uka. Passar særleg godt for ungdom 13–16 år.

Bok 9 cover

Keegan og sjiraffen

Fotball og sjiraffar er to bra ting! I denne boka får du begge deler! Keegan er kalla opp etter favorittspelaren til pappa, ein gammal Liverpool-helt som heiter Kevin Keegan. Pappa er lidenskapeleg Liverpool-tilhengar, og prøver å få Keegan til å bli like interessert i fotball som han sjølv. Men det er ikkje så lett, for Keegan er meir opptatt av alt det merkelege som skjer når ein sjiraff ein dag dukkar opp i hagen. «Historien er både dramatisk, sjarmerende og klok», skreiv Morten Haugen i Adresseavisa. Boka passar godt for barn mellom 5 og 8 år. Illustrert av Kim Lid.

Bok 10 cover

Tapt og funnet

Novelle i antologi. Eg har skrive ei grøssarnovelle med utgangspunkt i eit frimerke! Litt ekstra spennande er at eg faktisk eig dette frimerket sjølv, eit frimerke som er stempla den 32.12.1899! Boka passar særleg godt for barn og ungdom frå 12 til 14 år. I tillegg til novella mi, er det noveller her frå ei rekke andre gode forfattarar, blant andre Brynjulf Jung Tjønn. «Anbefales ungdom som kan lese og tenke!», skreiv Linn T. Sunne i Oppland Arbeiderblad.

Bok 11 cover

Kampklar

Fotballforteljingar for barn og ungdom! Eg er ein av elleve spelarar på laget som skriv kvar si novelle med utgangspunkt i fotball. «Samlinga er svært jamn, og ho er god. Tekstane er språkleg gjennomarbeidde og konsentrerte, slik gode noveller skal vera. Lesaren treng ikkje eingong vera interessert i fotball, men i livet - og i å lesa gode tekstar», skreiv Ingeborg Mjør i Dag og Tid. Passar særleg godt for lesarar frå 12 til 14 år.

Bok 12 cover

Neseatlas

UTSELD! Denne morosame boka er verdas aller første neseatlas og den hittil einaste norske utgivinga i sjangeren «nose prose». Teksten i denne boka er skriven av Christian Kjelstrup, mens Alf Kjetil Walgermo har fotografert hundre norske nasar i ulike fasongar. «Nesefest», skreiv Kåre Bulie i Dagbladet. Kom ut i seks, eller var det sju?, opplag.

Bok 13 cover

Mestermøter

UTSELD! Korttekstar om alle personane i Bibelen som møtte Jesus frå Nasaret. Evangelia fortel, med litt tolking, om 100 enkeltpersonar. Forfattaren fabulerer rundt desse enkeltpersonane med utgangspunkt i bibeltekstane som fortel om dei. Lasarus er blant dei vi veit litt om. Andre har vore ukjente for oss – inntil no. Boka fekk mykje omtale i norske aviser som VG, Dagbladet, Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dagsavisen då ho kom ut. Bokmål. Passar for alle aldrar!

Bok 14 cover

Bibeldikt

UTSELD! Dikt med utgangspunkt i bibeltekstane for eit heilt kyrkjeår. Eit stort lag av norske poetar bidrar med nyskrivne dikt i denne boka, heile 88 stykk. Utgivinga, redigert av Alf Kjetil Walgermo og Jan Ove Ulstein, viser at forfattarane ikkje er redde for å skrive i dialog med bibeltekstane. Boka innheld svært mange sterke dikt! Ho blei kåra til ei av årets beste bøker av kritikarar både i VG og Klassekampen.


alfw

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977)

Kjem frå Sjøholt på Sunnmøre. Bur i Oslo.
Har vore forfattar i over tjue år.
Held foredrag om litteratur, eige forfattarskap og Bibelen.
 
Bøker:
 
Barnebibelen m/Anna Fiske (ill.) ---> PRIS: 399 kroner
Bibelens kvinner. Historiene som forma verda ---> PRIS: 399 kroner
Du som er i himmelen ---> PRIS: 299 kroner
Røff guide til Bibelen ---> PRIS: 399 kroner
Kjære søster ---> PRIS: 299 kroner
Bibeldikt (red.) m/ Jan Ove Ulstein ---> UTSELD!
Mitt bankande hjarte ---> UTSELD!
Mor og far i himmelen
---> PRIS: 249 kroner
Keegan og sjiraffen ---> PRIS: 249 kroner
Neseatlas (foto) m/ Christian Kjelstrup ---> UTSELD!
Mestermøter. 100 opplevelser av Jesus fra Nasaret ---> UTSELD!
Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen ---> PRIS: 249 kroner

Bestill bøker på e-post: bok@walgermo.no