Bibelens kvinner.
Historiene som forma verda
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Forlag: Samlaget
Sider: 447 sider
Innbunden
Pris: 399 kroner
(15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir)
Modige, smarte og kreative kvinner
Verdas mest lesne bok inneheld mange historier om kvinner. Vi kan lese om fleire hundre kvinner i Bibelen, og vi kjenner namnet til rundt 200 av dei. Likevel har Bibelens kvinner ofte hamna i skuggen av menn. Det ønskte forfattar Alf Kjetil Walgermo å gjere noko med.– Det er svært mange spennande historier om kvinner i Bibelen. Nokre er kjente for oss, som forteljinga om Maria som føder Jesusbarnet og legg han i ei krybbe. Men det finst også mange andre interessante og til dels elleville historier som er mindre kjente for dei fleste, seier Walgermo.
Blant desse er profeten Hulda, som fekk oppdrag frå kongen i staden for den samtidige Jeremia. Truleg er det heller ikkje alle som er klar over kor viktige kvinner som Lydia og Priskilla var for at apostelen Paulus kunne reise rundt som han gjorde og forkynne evangeliet. Paulus, som har vore mest kjent for å avgrense moglegheitene til kvinner, var heilt avhengig av kvinnelege medarbeidarar i si eiga gjerning.
Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner. Dronning Ester frelser folket sitt ved å invitere kongen på fest. Den prostituerte Rahab bergar livet ved å fire spionar ut av vindauget. Jael tar livet av ein hærførar ved å køyre ein teltplugg igjennom tinningen hans.
Kvinnene i Bibelen er mødrer, døtrer og søstrer. Dei er profetkvinner og heksekvinner, gudfryktige kvinner og skruppellause kvinner, kvinner som sigrar i krig, og kvinner som skaper fred. Dei er damer som set foten ned.
Bibelens kvinner. Historiene som forma verda gir ei fullstendig oversikt over kvinnene i Bibelen, og viser korleis dei blir presenterte i bibelteksten og i bildekunsten, litteraturen, musikk og film. Den vakre og innhaldsrike boka inkluderer blant anna 49 meisterverk frå kunsthistoria.
Somme av kvinnene har fått eit anna ettermæle i ettertid enn det tekstane i Bibelen kan fortelje oss, som Maria Magdalena. Etter ei paveleg påskepreike på 500-talet er ho i stor grad blitt tolka som ei tidlegare prostituert kvinne, noko som også har festa seg i biletkunsten. Andre kvinner er blitt utsette for liknande forskyvingar.
Boka har fått svært solide kritikkar:
- I ei stor melding i Klassekampens Bokmagasinet fekk boka ros av professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo, Christine Amadou, som skreiv «Les og lær!» og omtalte boka som eit praktverk.
- Meldaren i Stavanger Aftenblad, Tarald Aano, brukte ord som «mesterlig» og rulla 5-ar på terningen. Han skreiv: «Walgermo er i sitt ess når han kan skildre kvinnene, forsøke å forstå dem, begrunne deres valg og koble deres historier med utallige kulturelle referanser. [ ...] Dette er virkelig strålende gjort.»
- Vårt Lands meldar, Hilde Brekke Møller, skreiv at boka er «en viktig påminnelse om Bibelens mangfold og bibelfortellingenes plass i vestlig kultur».
- Trond Berg Eriksen i Morgenbladet skreiv: «Walgermo har gjort et storartet arbeid med Bibelens kvinneskikkelser [...] et førsteklasses dypdykk i kulturhistorien.»
- Jorunn Hareide i Dag og Tid skreiv: «Bibelens kvinner gir meir enn tittelen lovar, for forfattaren har gått gjennom ei imponerande mengd religiøs, mytisk og teologisk litteratur for å finne meir stoff om desse kvinnene enn Bibelen gir.»
- Søren Hermansen i danske Kristeligt Dagblad skreiv: «Norsk forfatter har skrevet en herlig 'tour de femme'»
Forståinga av kvinner i Bibelen har spelt inn på korleis samfunnet har sett på kvinner. Walgermo har derfor sett det som svært viktig å vise fram kor sentrale roller kvinnene har i boka som utgjer trusgrunnlaget for over to milliardar menneske.
– Religiøs makt er gjennom historia blitt brukt for å halde kvinner nede, men dersom vi ser nærmare på bibelhistoriene, ser vi kor essensielle dei er i alle fasar. Utan kvinnene stoppar kristendommen. Dess meir eg blei klar over dette, dess sterkare merka eg at denne bodskapen måtte ut. No. Til alle, seier Walgermo.
Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for born, ungdom og vaksne.