Litteratur i Andeby
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Forlag: Samlaget
Sider: 296
Innbunden
Pris: 429 kroner
Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Det gjeld også forfattaren av denne boka. Alf Kjetil Walgermo, kjent som forfattar, journalist og litteraturkritikar, har skrive ei morosam og analytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.
Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.
Litteratur i Andeby. Donald Duck og bøkene gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton.
Boka er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede.
Knut Nærum seier dette om boka:
-
«Denne boka vil ikke bare få deg til å oppsøke biblioteket for å låne mer av verdenslitteraturen. Den kommer også til å sende deg opp på loft og inn i bruktsjapper etter mer Donald.»
-
«Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen.»
Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for born, ungdom og vaksne.
