Mor og far i himmelen
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Illustrert av: Øyvind Torseter
Forlag: Cappelen Damm
Sider: 70 sider
Innbunden
Pris: 249 kroner
(15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir)
Barnet i sorg og undring
Dette er ei barnebok om døden. Den rundt ti år gamle Maria mister foreldra sine i ei ulykke og må bu hos besteforeldra sine. Ho stiller spørsmål til Gud om det som har skjedd, og undrar seg over kvar foreldra hennar er no. Heile boka er forma som ei dagbok, og som ei samanhengande bøn til Gud.
Mor og far i himmelen passar godt for barn i 9-12-årsalderen, men også for andre som funderer over vondskapens problem, kvar menneska blir av når dei døyr og andre store spørsmål. Eigentleg er boka ei såkalla all-alder-bok. Ho kan med fordel lesast saman med andre, og brukar som ein døropnar for å snakke om døden.
Boka blei nominert til den amerikanske bokprisen Foreword INDIES Award, og har fått gode kritikkar både i USA og i Norge. «Walgermo has achieved a small miracle of tact, insight, and gentle humor», skreiv John Wilson i det amerikanske magasinet First Things. «Liten juvel», skreiv Pernille Bineau i Vårt Land. «...'Mor og far i himmelen' er en vakker, kontrastfylt bok om Gud, død, sorg og savn, men like viktig: om vennskap, fellesskap og trøst», skreiv Hilde Dybvik i Barnebokkritikk. Illustrert av Øyvind Torseter.
Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.