Eselhistorier
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Forlag: Dinamo
Sider: 233 sider
Innbunden
Pris: 249 kroner
(15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir)
Eselet står midt i verdslitteraturen
Dette er boka for deg som likar dyr! Eselet er ein trufast kamerat, sjølv om det både kan vere litt sta og skryte litt iblant. Ofte litt i skuggen av hesten. Kva blir esel baklengs? Jo, LESE sjølvsagt! Ei eselbok er ei glimrande lesebok! Her får du utdrag frå verdslitteraturen, og alle tekstane har eselet i ei sentral rolle. «Leseglede i tablettform», meinte kritikaren i danske Politiken. Fredrik Wandrup i Dagbladet skreiv: «Walgermo har den porsjon galskap og ukuelig tro på sitt prosjekt som skal til for å lage en virkelig original antologi.»
Sitat frå meldinga i Politiken: «Den norske litterat Alf Kjetil Walgermo har sat nogle af litteraturens mange æsler stævne i bogen 'Eselhistorier'. På norsk er der den lille finte ved ordet 'esel', at det stavet bagfra bliver til 'lese', altså at læse, så ud over at være en hyldest til det gode dyr, er antologien også en hyldest til glæden ved at læse (red: mi utheving> - en glæde mange mennesker jo genopdager hvert år i ferien. Men når man vender tilbage til hverdagen, er tiden til indtagelse af murstensromaner pludselig begrænset. Og så er det jo rart, at læseglæden også findes i tabletform, i skikkelse af små historier, man kan nappe et par stykker af, når der er tid.»
Eselet står «ringside» ved mange av dei største hendingane i verdshistoria. Tenk til dømes på bibelhistoria om Jesu inntog i Jerusalem og forteljinga om Jesu fødsel – eselet var til stades både først og sist. Og det er essensielt og naturleg til stades i tekstane til forfattarar som Cervantes, Dickens, Dostojevskij, Robert Luis Stevenson, Juan Ramón Jiménez, C.S. Lewis, A.A. Milne og Agatha Christie. Med mange fleire! Gjer deg klar for lesefest, med eselet som hovudgjest!
Boka er på nynorsk og bokmål. Passar for alle aldrar!
Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.