Stort boksal før jul!
04/11/24 08:00
Walgermos bokhandel er open! GRATIS frakt i Noreg før 14. desember 2024! Har du lyst til å kjøpe bøker av meg, er det berre å sende ein e-post til bok@walgermo.no. Det er fullt mogleg å få signatur og/eller ei privat helsing i bøkene, berre skriv i e-posten kva du ønsker!
Stor interesse for Mitt bankande hjarte
14/05/11 16:41
Ungdomsromanen min, Mitt bankande hjarte, er ute i bokhandlane. Så langt har eg gjort nokre intervju – Dagsavisen, Dagbladet, Sunnmørsposten, NRK Morgennytt, Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor. NTB laga nyhendenotis på boka. Eg har fått to flotte aviskritikkar, i Gjengangeren og Vårt Land. Boka var også nemnt som ungdomsboktips i Dagsavisen.
Til hausten er eit utdrag frå Mitt bankande hjarte med i tXt-aksjonen Hjerterått. Dette er ein leselystaksjon i regi av Foreningen !les. Eg må seie at eg likar namnet!
Det er også stor interesse for boka mi i utlandet. For ein månad sidan meldte forlaget attende at Mitt bankande hjarte var «our hottest title in Bologna», den viktigaste barne- og ungdomsbokmessa i Europa. Visstnok er det ei rekkje forlag i 20 land som snusar på boka. Det er med andre ord spennande tider!
Den første meldinga av Mitt bankande hjarte kom i avisa Gjengangeren, der Jon Terje Grønli skriv ei glimrande melding. Han avsluttar slik: «Alf Kjetil Walgermo skaper en dramatisk story fylt av håp og tvil – med tidvis optimisme som veksler med tiltagende depressive perioder. Romanen er noe langt mer enn en summarisk ytre skildring av en desperat livssituasjon. Langt mer tar forfatteren tak i Amandas følelsesliv hvor redselen alltid er nærværende – og hvor tankene sprenger realistiske rammer. Neppe finnes den leser som ikke lar seg påvirke – og som selv føler på kroppen hvilken påkjenning det må være hver eneste dag å leve i spenning ved det å ikke vite – samtidig som man er ung og burde ha et langt liv å leve. Mitt bankande hjarte rommer en intens nerve – skrevet med innlevelse og innsikt."
Kjersti Ruud Salomonsen i Vårt Land er også positiv. Ho anbefaler romanen og skriv blant anna at «det endte med at jeg ikke klarte å legge fra meg boka! Jeg ble veldig fascinert av balansegangen mellom forelskelse og hjertefeil som går igjen gjennom hele boka, og derfor er også valg av boktittel svært elegant. Walgermo lar også Amanda utvikle seg som menneske og undervurderer ikke dramatikken og de sterke følelsene som oppstår rundt det å være forelsket. Vi får et godt innblikk i Amandas syn på livet. Historien er dessuten spennende ...»
Det er også blitt blogga ein god del om Mitt bankande hjarte. Den trottige bibliotekaren Eli Frisvold på Elislesebabbel var som vanleg først ute. Ho likar romanen, og skriv: «Boka skildrar sjukdomen, om det å vente i uvisse, korleis vil det bli å få eit hjarte som har tilhørt nokon annan og sjølvsagt korleis foreldra og venene reagerer. Boka er gripande utan at det blir noko (melo)drama. Forfattaren er flink til å leve seg inn i kjenslene til ei ung jente.»
Så er det bloggarane som forlaget har sendt ut bøker til (den såkalla Bokbloggturneen). Desse omtalane er altså ikkje uavhengige, sjølv om bloggarane i praksis ser ut til å skrive rett frå levra om dei likar eller ikkje likar ei bok. For ordens skyld får eg seie at eg ikkje reknar dette som kritikk. Derimot er det fine tilbakemeldingar, og nyttige ikkje minst når dei kjem frå ungdom. Aller gladast blei eg for 15 år gamle Mika Josefines respons: «Jeg kan med hånda på hjertet si at Mitt bankande hjarte er den beste norske boka jeg har lest.» Men ikkje berre det. Ho følgjer opp ein lang, positiv bloggtekst med: «Og en ting er sikkert: jeg skal definitivt bli organdonor.» Det var veldig fint å lese! (Sjekk alle lenkene som ligg her.)
Tvitring har det ikkje vore så mykje av, men journalist Bjørn Vatne i Sunnmørsposten skriv at «Helt off the record tipper jeg han har en vinnerbok.»
Elles er det kjekt å merke interesse også på andre måtar. Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) har oppdaga Mitt bankande hjarte og likar henne veldig godt. Dei ønskjer å bruke boka i arbeidet sitt, og det er kjekt at ho kan komme til nytte på den måten også. Fleire hjartesjuke har allereie lese boka og likt henne.
Til hausten skal eg møte ei rekkje ungdomskuleklasser over nokre dagar på Litteraturhuset i Oslo. Det gler eg meg til. Romanen er jo først og fremst ei kjærleikshistorie, som tek ein ny vri og stiller nokre eksistensielle spørsmål. Eg trur ungdom er opptekne av begge deler.
Som Tor Jonsson sa, i Ei dagbok for mitt hjarte (1951): «Var eg ein Gud / ville eg skapa / Kjærleik og død / berre kjærleik og død».