Barnebibelen
Forfattar: Alf Kjetil Walgermo
Illustrert av: Anna Fiske
Forlag: Samlaget
Sider: 203 sider
Innbunden
Pris: 399 kroner
(15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir)
Barnebibel for små og store
Barnebibelen fortel dei viktigaste bibelhistoriene for barn. Språket er enkelt og tydeleg og illustrasjonane morosame og kreative.
– Eg har vore så heldig å få med meg den fantastiske Anna Fiske på dette prosjektet. Eg ville samarbeide med nettopp Anna fordi ho er så eksepsjonelt dyktig og fordi eg ville ha ein strek som ikkje var for pynteleg. Bibelen er ikkje glatt og glansbileteaktig, men full av spenning, humor, grøss, action og kjærleik – mykje kjærleik! Eg kunne ikkje ha ønskt meg eit betre visuelt uttrykk enn det Anna har gitt forteljingane i boka, seier Alf Kjetil Walgermo.
Han håper at mange har lyst til å lese Barnebibelen for barna sine – eller rett og slett lese bibelhistoriene på nytt sjølv. Barnebibelen gir ein endå røffare oversikt over det viktigaste innhaldet i Bibelen enn vaksenboka Røff guide til Bibelen. I november 2024 er Barnebibelen nettopp kome ut i nytt opplag!
– Dette er historier vi alle bør kjenne til, uavhengig av tru og ikkje-tru. Bibelforteljingane har forma samfunnet vårt og er ein grunnstein i verdslitteraturen. Her er dei i ny drakt: Davids kamp mot Goliat. Daniel i løvehola. Rahabs møte med spionane i Jeriko. Sara og Abraham som lo av Gud. Jona i fiskebuken. Og mange fleire, seier Walgermo.
I Barnebibelen har han mellom anna inkludert fleire kvinner enn det som ofte er blitt gjort tidlegare. Her les vi ikkje berre om Lea, Rakel, Ester og Rut, men også om Hagar, Debora, Jael, Vasjti, Hulda, Jesabel og Abigajil. Ikkje berre om jomfru Maria og Maria Magdalena, men også om Elisabet, Marta, Lydia, Priskilla, om fleire andre.
Boka har fått gode kritikkar:
- Marius Emanuelsen skreiv i Barnebokkritikk: «Barnebibelen er blitt både en praktbok og en praktfull bok, og jeg ville ikke nøle med å gi den til et barn som viste interesse for bibelhistoriene. Jeg tviler på at det finnes en bedre versjon på markedet.»
- Sofie Braut skreiv i Vårt Land: «Boka er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at denne barnebibelen truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar.»
- Tarjei Gilje skreiv i Dagen: «Walgermo møter tekstane med respekt, han dukkar ikkje unna det vanskelege, og han får fram nerven i bodskapen.»
Om forfattaren:
Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.