Du som er i himmelen

Forfattar: Alf Kjetil Walgermo

Forlag: Samlaget

Sider: 59 sider

Hefta

Pris: 299 kroner

(15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir)

Bokomslag for Du som er i himmelen

Lita bok om tru og sorg

Du som er i himmelen er eit personleg essay om den kristne trua i møte med mørket i livet.

Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise fram.

I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?

Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn. I kontrast til mørket står det kristne håpet om nytt liv og nytt lys. Er det ei desperat handling å slutte seg til eit slikt håp? Med gravferda til dottera som ramme går Walgermo til kjernen av den kristne bodskapen. Kva betyr denne bodskapen for han? Og er trua noko som står seg i Noreg i vår tid?

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.


Trond Berg Eriksen skreiv i Morgenbladet: «Alf Kjetil Walgermo har et helt eget grep på spørsmål om den kristne troen i krysningspunktet mellom liv og død (...) Du som er i himmelen lykkes som bok nettopp fordi den utvisker forskjellen mellom drøm og litteratur, fortelling og rapport (...) Som man skjønner, har Walgermos teologiske poetikk nok en gang gitt oss en liten bok med et stort tema.»

Monika Skybakmoen skreiv i Raumnes: «Jeg må innrømme at jeg som ikke er så veldig troende, lærte mye ved å lese denne boka. Jeg har lært mye om andre perspektiver og andre måter å se de kjente fortellingene fra bibelen på. Og ikke minst har jeg lært mye om sorgprosesser – og jeg har dyp respekt for de som tross store kriser klarer å reflektere så godt. Og faktisk klarer å lete etter lyset i mørkret. For det må vi jo alle – for å klare å leve godt videre.»


Om forfattaren:

Alf Kjetil Walgermo er oppvaksen i Møre og Romsdal og bur i Oslo. Han er tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, der han no jobbar som kulturjournalist. Han har skrive ei rekke kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne.


Bestill boka i nettskjemaet her:


Du kan også bestille via e-post: bok@walgermo.no

Fri frakt t.o.m. 14. desember 2024
15 prosent rabatt ved kjøp av tre bøker eller meir

Skriv i bestillinga om du ønsker signatur eller personleg helsing frå forfattaren

Prisar:
Røff guide til Bibelen: 399 kroner
Bibelens kvinner: 399 kroner
Barnebibelen: 399 kroner
Du som er i himmelen: 299 kroner
Keegan og sjiraffen: 249 kroner
Mor og far i himmelen: 249 kroner
Kjære søster: 299 kroner
Eselhistorier: 249 kroner
Kampklar: 299 kroner
Tapt og funnet: 299 kroner
 

Tilbake til oversikten


books